Vertsstaden Bø kommune

Bø Rotary har fast møtelokale i Bø, men medlemmene kjem frå dei to grannekommunane i Midt-Telemark, Bø og Sauherad. Bø grensar elles til Seljord, Notodden, og Nome. Av eit areal på  266 km² er ca. 11 % dyrka mark. Kommunen er ein vekstkommune og har i fleire år hatt den største folkeauken i Telemark. I dag bur det i underkant av 6.000 menneske i Bø, i tillegg om lag 1700 studentar.

Hovudnæringa har frå gamalt vore jord- og skogbruk. Etter 2. verdskrig har Bø utvikla seg til ei skulebygd. Først med 2-årig statsrealskule, gymnaset kom i 1947, og tjue år seinare Telemark distriktshøgskule. Etter samanslåinga av høgskulane i landet i 1990-åra, kom TDH saman med dei andre høgskulane i fylket til Høgskolen i Telemark. Studiestaden Bø, avdeling for allmenne fag, gjev utdanning innan 60 fag, også to doktorgradsutdanningar. Studentane vert rekrutterte frå heile landet, også frå vel 30 andre land. Handelsnæringa i bygda er betydeleg, likeins turismen. Spesielt kjend er Lifjell med gode turtilbod både vinter- og sommarstid. Også fritidsparken, Bø Sommarland med det allsidige tilbodet med m.a. vassklier, vasstårn og vassbølge, klatreparken Høgt og Lågt,  trekkjer mange turistar til bygda.

I generasjonar har Bø vore kjend som ei kulturbygd. Her skreiv folkeminnesamlaren professor Moltke Moe opp ei mengd folkeeventyr, spesielt i sidedalen Årmotsdalen. Også segn- og songtradisjonen har hatt høg status. Folkemusikken med "Bøheringspelet" har vore med å skape identiteten i bygda, no også symbolisert gjennom kommunevåpenet med 3 hardingfeler på raud botn. Spelemannslaget Bøheringen og Bø juniorspelemannslag er med til å halde spelemannstradisjonane i hevd. Felemakarslekta Helland/Steintjønndalen med 14 generasjonar felemakarar gjennom 200 år har vore med til å gjeve Bø nemninga "Nordens Cremona". I dag husar bygda ein av dei få profesjonelle hardingfelemakarane i landet, likeins fleire av landets beste spelemenn.

Eit allsidig organisasjons- og kulturliv elles kjenneteiknar Bø.   og  kan varte opp med eit uvanleg rikt kulturtilbod innan  musikk, idrett, revy- og amatørteater. Spesielt kan Bø Filmklubb, idrettslaget Skarpedin, Bø Jazzklubb og den årlege internasjonale folkemusikkfestivalen, Telemarksfestivalen, nemnast. I seinare tid har også fleire kunstgalleri kome til. Gullbring kulturanlegg frå 1994 med m.a. teatersal, kinosal, handball- og svømmehall har gjeve gode vekstvilkår for det mangslungne kulturlivet. I 2009 vart Bø kommune kåra til landets kulturkommune, likeins fekk Bø kino første pris som mellomstor kino i 2011. I 2014 vann fire bøungdomar "Junior Grand Prix". Studentkroa, Kroa i Bø, er kjend som ei av dei beste i landet. Med nybygget frå 2014 kan Kroa i Bø by dei mange kjende einskildartistane og banda frå inn- og utland særs gode konsertlokale.

  

 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bø Hotell
Adresse: Gullbringvegen 32
Postnummer: 3800
Sted: Bø i Telemark
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Link til FB sida: https://www.facebook.com/pages/B%C3%B8-Rotaryklubb/501822026547128?fref=ts



Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...