Reviderte vedtekter for Bø rotaryklubb.

Gjeldande frå 1.7.2011.

Paragraf 1: Organ
Årsmøtet og vanleg klubbmøte er klubbens høgaste, bestemmande organ.
Styret leier verksemda i klubben.
Presidenten er klubbens øvste leiar og leier styremøta.

Paragraf 2: Årsmøte og klubbmøte

Klubbmøte blir halde kvar måndag – med mindre dette er heilagdag. Klokkeslett og møtestad bestemmer klubben. Årsmøte blir halde kvart år innan utgangen av desember månad.

For at lovleg vedtak skal kunne gjerast må minst ein tredel av medlemmene vere til stades. Alle avstemningar skjer munnleg, bortsett frå ved val der det er foreslått meir enn éin kandidat.
Utover det blir det skriftleg avstemning viss nokon forlangar det.

Vedtak blir gjort med alminneleg fleirtal, unntatt ved endring av vedtektene (jf. paragraf 10). I tilfelle likt stemmetal avgjer presidentens stemme. 

Ved skriftleg avstemning må ein ha omval viss ingen av kandidatane oppnår minst halvparten av dei avgitte stemmene. Ein gjer omval mellom dei to kandidatane som har fått flest av dei avgitte stemmene. 

Paragraf 3: Val av styre og revisor

Styret for kommande rotaryår blir valt av årsmøtet.
Innan 14 dagar før årsmøtet skal medlemmene få tilsendt skriftleg forslag til nytt styre og til revisor og valkomité.  Styret består av:
-          president, valt av årsmøtet
-          innkommande president, valt av årsmøtet
-          sekretær, valt av årsmøtet
-          pastpresident
-          ein styremedlem, valt av årsmøtet
-          kasserar, valt av årsmøtet

I tillegg vel årsmøtet revisor og valkomité. 

Paragraf 4: Oppgåvene til styret

Presidenten kallar saman styret så ofte han eller minst to styremedlemmer finn det nødvendig, likevel minimum fem gonger i rotaryåret. 

I alle saker der ikkje noko anna er bestemt, kan styret gjere vedtak dersom minst fire styremedlemmer er til stades. Særleg viktige saker skal leggjast fram for medlemmene til avgjerd. Saker som angår komiteane og deira arbeidsområde, skal leggjast fram for komitéleiarane.

Paragraf 5: Komitear

Presidenten oppnemner med godkjenning frå styret dei komiteane som er nødvendige for å sikre best muleg drift i klubben.

Møte i komiteane skal haldast minst to gonger i året. Komiteane bør helst ha tre medlemmer, og leiaren bør helst ha vore medlem av same komité minst eitt år før.

Klubben skal ha fem hovudkomitear:

-          komité for informasjon og program

-          komité for medlemsutvikling

-          komité for service

-          komité for The Rotary Foundation (TRF)

-          komité for nye generasjonar

Klubben skal ha ein oppdatert organisasjonsplan som viser ansvarsfeltet til den enkelte komiteen innanfor klubbteneste, yrkesteneste, samfunnsteneste og internasjonal teneste.  

Innkommande president er leiar for klubbtenesta og har ansvaret for klubbens indre liv. Han kallar inn til møte minst to gonger i rotaryåret. 

Styret kan – med godkjenning av klubben – opprette underkomitear eller slå saman underkomitear etter behov.

Paragraf 6: Budsjett og rekneskap

Innan nytt rotaryår begynner, skal den nyvalde presidenten leggje fram sitt arbeidsprogram. Seinast to månader etter nytt rotaryår har begynt, skal den nye presidenten leggje fram budsjettforslag som det nye styret har godkjent, herunder forslag om kontingent og andre avgifter som han på det tidspunktet har oversikt over. Budsjettforslaget skal leggjast fram for medlemmene 14 dagar før behandling på medlemsmøte.

Kontingenten forfell forskottsvis i to terminar, l. juli og 1. januar.

Pastpresidenten legg på årsmøtet fram for medlemmene årsmelding og revidert rekneskap for sitt rotaryår. Det skjer i samarbeid med styret. Desse dokumenta skal sendast ut minst 14 dagar før behandling.

Paragraf 7: Val av nye medlemmer

Medlemskomiteen skal kvart år revidere lista over dei klassifikasjonane klubben har, og kva for nokre som manglar. Lista saman med komiteens forslag til klassifikasjonar ein ønskjer å få inn, skal sendast styret snarast muleg i det nye rotaryåret. 

Styret avgjer kva kvalifikasjonar ein skal arbeide for å få inn i klubben. Skriftleg melding om kva styret har vedteke, skal sendast til medlemmene som samtidig blir oppfordra til å sende inn forslag på nye medlemmer. Slike forslag kan fremmast gjennom heile rotaryåret. 

Styret innhentar grunngitte vurderingar av dei foreslåtte kandidatane frå medlemmene. Dersom det i styret, eller samanlagt i styret og blant medlemmene, er meir enn to stemmer imot forslaget på kandidat, er forslaget forkasta. 

Anbefaling frå styret skal sendast til medlemmene – med frist for medlemmene til å komme med grunngitte, skriftlege innvendingar til styret innan 14 dagar. Er ingen innvendingar komme, er forslaget å betrakte som godkjent. Det same gjeld dersom det bare er komme inn éi innvending, og denne er samrøystes tilsidesett av styret. Er det fleire innvendingar, blir forslaget forkasta. 

Medlemmene blir underretta om det godkjente forslaget, og forslagsstillaren inviterer vedkommande kandidat som medlem. "Fadderen" skal samtidig informere den nye medlemmen om krava medlemsskapet i rotary inneber. 

Paragraf 8: Paul Harris Fellows.

Dersom klubben etter innbetaling til Rotary Foundation har bestemt seg for å utnemne "Paul Harris Fellows", utnemner styret desse. Forslag kan innhentast frå medlemmene. 

Paragraf 9: Fritak for møteplikt.

Styret kan etter søknad frita ein medlem for møteplikt i eit tidsrom når vedkommande har gyldig grunn. 

Paragraf 10: Vedtektsendringar.

Desse vedtektene kan endrast på vedtaksført årsmøte eller medlemsmøte med minst to tredels fleirtal – dersom medlemmene har fått tilsendt forslag til forandring skriftleg minst 14 dagar i førevegen.  


Bø i juni 2011

Jon Bjones
president 2010/2011 

Styret behandla dei reviderte vedtektene i møte 02.05.2011. Medlemmene fekk dei til høring 14 dagar før medlemsmøtet. Dei nye vedtektene blei så samrøystes vedtatt på medlemsmøtet 06. juni 2011 og trer i kraft frå 1. juli 2011.